Vi behandler din forespørsel, vennligst vent

Oseanasalen, Oseana kunst- og kultursenter
6. mai

BAJAZZ PÅ OSEANA: JAZZOO

Bajazz er Bergen Jazzforum sin populære konsertserie for barn og barnefamiliar. Målgruppa er frå spedbarn til ti år, og har som intensjon å tilby musikkopplevingar med kvalitetsmusikk for unge. Musikarane er profesjonelle, og legg vekt på ein open og musikalsk kommunikasjon med barnet. Bajazz har blitt gjennomført på USF Verftet i Bergen i over ti år og i 2017 går turen til Oseana, med i alt fire konsertar. 

Jazzoo presenterast av og med Oddjob, som vart fødd i 2005 etter ei kjærleiksaffære mellom jazz og funk. Etter det har bandet teke til seg ei heil rekkje sjangrar, afrobeat, latin, karibisk, og av og til antydingar til flamenco. Dette verdsfunkbrygget er friskt, festleg og har med seg dei finaste svenskane landet har å by på. Barneplata Jazzoo gav dei Grammis 2014 for beste barneplate, med musikk som aktiverar både latter og dansefot. Temaet er dyreverda. Saman med publikum assosierer dei fram flodhestar med heiteslag, hakkespett som bankar på hjå nattergalen, irriterande fluger og mykje meir. Dette er musikk og formidling i verdsklasse frå eit band som ikkje har gløymd kunsten å leike. 

GORAN KAJFES trompet  
PETER FORSS bass  
PER «RUSKTRÄSK» JOHANSSON altsaksofon  
DANIEL KARLSSON piano  
JANNE ROBERTSON trommer

Fordelspris:
Kr 80,-

Ordinærpris Kr 100,-

Laurdag 6. mai 13:00


Varer omlag 40 min. 

Billetter

Vis alle tilbud i denne kategorien