Vi behandler din forespørsel, vennligst vent

Oseanasalen, Oseana kunst- og kultursenter
1. april

BAJAZZ PÅ OSEANA: KYLLINGEN SOM IKKE KUNNE SYNGE

Bajazz er Bergen Jazzforum sin populære konsertserie for barn og barnefamiliar. Målgruppa er frå spedbarn til ti år, og har som intensjon å tilby musikkopplevingar med kvalitetsmusikk for unge. Musikarane er profesjonelle, og legg vekt på ein open og musikalsk kommunikasjon med barnet. Bajazz har blitt gjennomført på USF Verftet i Bergen i over ti år og i 2017 går turen til Oseana, med i alt fire konsertar. 

«Kyllingen som ikke kunne synge» er ei historie om den fisefine kyllingen som var lei av det skitne livet på bondegarden. Han drøymer om ein dag å få bu på sjølvaste slottet, langt vekke frå grisebæsj og hestepromp. Dette vil han få til ved å smelte kongens hjarte med vakker song. Problemet er at kyllingen ikkje kan syngje.

Lekerommet lagar framsyningar for barn og familiar, og alle har bakgrunn frå jazzlinja på Griegakademiet i Bergen. Historiane og musikken er sjølvskrivne med mål om å skape dansbar, sangbar og spennande ny musikk for barn. Suksessprosjektet er i ferd med å bli dokumentert på plate – vonleg i tide til at publikum kan ta med seg eit eksemplar heim etter konserten. 

 

KAROLINE WALLACE vokal, synth  
PETTER ASBJØRNSEN kontrabass  
HÅVARD FUNDERUD trombone, synth, diverse 

Fordelspris:
Kr 80,-

Ordinærpris Kr 100,-

 
Varer omlag 40 min. 

Billetter

Hjemmeside

Vis alle tilbud i denne kategorien