Vi behandler din forespørsel, vennligst vent

Hordaland Teater i Logen
27. februar til 1. april

Eg ringer mine brør

av Jonas Hassen Khemiri

(originaltittel: «Jag ringer mina bröder»)

«Eg ringer mine brør» er den hylla svenske dramatikaren og forfattaren Jonas Hassen Khemiris eige teaterstykke basert på ein kronikk han hadde på trykk i Dagens Nyheter etter bombingane i Stockholm i 2010. Etter bombeangrepa opplevde svenske innvandrarar for første gong korleis det var å bli mistenkte for å vere terroristar berre på bakgrunn av korleis dei såg ut. Folk var redde for dei. For kva er normal oppførsel? Kven er ein potensiell gjerningsmann? I 24 intense timar er vi inne i hovudpersonen Amor sitt hovud, der grensene mellom forbrytar og offer, kjærleik og kjemi, fantasi og verkelegheit blir stadig meir utviska. Stykket vil på både ein humoristisk og slagkraftig måte sette fokus på integrering og utanforskap.

REGISSØR  Stian Isaksen

SCENOGRAF Bård Lie Thorbjørnsen

DRAMATURG Solrun Toft Iversen

MED Madalena Sousa Helly-Hansen, Thomas Bipin Olsen, Iselin Shumba & Kingsford Siayor

For ungdom/ vaksne

Fordelspris:
Kr 290,-

Ordinærpris Kr 350,-

Billetter

Hjemmeside

Vis alle tilbud i denne kategorien