Vi behandler din forespørsel, vennligst vent

Griegsamlingen, Oseana kunst- og kultursenter
22. april

GRIEG TRIO

Grieg Trio vart danna i 1987 av Vebjørn Anvik (klaver), Sølve Sigerland (fiolin) og Ellen Margrete Flesjø (cello) og består i dag av dei same musikarane som den gong. Her ligg truleg òg noko av årsaka til den posisjon ensemblet har opparbeida seg som ein internasjonalt leiande klavertrio.
Etter ein suksessrik debut studerte trioen med András Mihály i Budapest, og sidan følgde studiar med Norbert Brainin (Amadeus Kvartett) og Eli Goren (Allegri Kvartett).

Grieg Trio sitt internasjonale ry er basert på ein serie innspelingar på SIMAX, Virgin Classics og EMI med verk av Beethoven, Mendelssohn, Schumann, Brahms, Dvorak, Tchaikovsky, Smetana og Sjostakovitsj. Men og ved sin turneverksemd i store internasjonale fora som Wigmore Hall, Châtelet i Paris, Berlin Konzerthaus, Amsterdams Concertgebouw, Sale Verdi i Milano og New Yorks Weill Hall Carnegie Hall.

Grieg Trio har motteke ei rekkje prisar for sitt spel, frå den høgthengande britiske Parkhouse Award, som opna moglegheita til ein serie konsertar i London, 1. Pris i Colmar Internasjonale Kammermusikk-konkurranse i Frankrike 1989 og til den norske Spellemannsprisen for beste klassiske innspeling av Dvorak sine klavertrioar i 2004. Parallelt med si innstudering av store delar av standardrepertoaret for klavertrio har Grieg Trio bestilt, framført og spelt inn ei rekkje nyskrivne verk av leiande samtidskomponistar som Sir Peter Maxwell Davies, Erkki-Sven Tüür og Lasse Thoresen. Frå 2004 til 2009 var Grieg Trio kunstnariske leiarar av den velrenommerte Stavanger Internasjonale Kammermusikkfestival.

Fordelspris:
Kr 290.-

Ordinærpris Kr 350,-

Konserten er eit samarbeid med Bergen Kammermusikkforening.

SØLVE SIGERLAND fiolin
ELLEN MARGRETE FLESJØ cello
VEBJØRN ANVIK piano

Foto: Nikolaj Lund

Billetter

Hjemmeside

Vis alle tilbud i denne kategorien