Vi behandler din forespørsel, vennligst vent

Hordaland Teater i Logen
21. februar til 13. april

Heim 2

Ei musikalsk vestlandskrønike, del 2: 1975 – 1985

Etter fulle hus med HEIM 1 og ein suksess utan sidestykke i Hordaland Teater si 30 år lange historie, er vi no klare til å ta fatt på det andre kapittelet av denne Vestlandskrønika som har i alt fire delar.
I andre kapittel av HEIM skal vi vitje fylket vårt i åra mellom 1975 og 1985.
Premieren vert i Logen 21. februar 2019 og regien vert ved Eirik del Barco Soleglad.

Eit imponerande lag av sterke vestnorske forfattarar har tatt imot utfordringa om saman å skrive fram eit bilete om kven vi var då. Til Heim 2 har vi med oss Ruth Lillegraven, Gunnar Staalesen, Tore Renberg som nye forfattarar i tillegg til velkjende forfattarar frå Heim 1 som Marit Eikemo, Frode Grytten og Ragnar Hovland.

Morten Svartveit frå Voss (kjend frå NRK serien «Heimebane») er med som skodespelar denne gongen. Han vil stå på scenen i lag med Kjærsti O. Skjeldal. Ho er kjend frå ulike filmar og teaterroller ved Det Norske Teatret. Dei er begge nye fjes på Hordaland Teater. Saman med Hadle Lavold Reisæter (som er aktuell med Kapital på HoT i haust), Sigrid Moldestad og Ljudmil Nikolov vil dei ta oss med til tiåret 1975 – 1985.
Kva rørte seg i Hordaland, i hordalendingen sitt blikk på seg sjølv og på verda omkring oss i dette tiåret? Vi vil invitere publikum med til å minnast hendingane, songane og livet den gongen. I eit leikent teaterspråk flyttar vi oss rundt i fylket og midt i alle hendingane står Voksne Herrers Orkester med eit solid soundtrack som tek oss tilbake til denne tida.

Fordelspris:
Kr 375,-

Ordinær pris Ordinær pris kr 450,-

NB : Ved bestilling: Husk å velge ”moderasjonar” i billett-type (nedtrekksmenyen) for å få BT Fordelpris.

billetter

Vis alle tilbud i denne kategorien