Vi behandler din forespørsel, vennligst vent

Hordaland Teater i Logen
14. til 20 september

Kapital

Kapital er ei forteljing om ein gamal mann som står i ein David og Goliat – kamp mot stat og marknadskrefter.

Kjøpmannen Ofting har mista forretninga si, og med den summen av det han eingong var, men han kjempar for det siste han eig; si eiga verdigheit. Ingen går fri når Konrad langar ut etter verdiane i det kapitalistiske samfunnet. Han refsar kameraderiet mellom stat og kjedegigantar i supermarknadsindustrien. Han går til frontalangrep mot forbrukarane sitt manglande medvit. Han set kvasse spørsmål ved kva skulte interesser som styrer enkeltpersonar sine mogelegheiter i Noreg og kva verdiar som rådar i vår samfunnsmodell.

Korleis svarar han på anklaga om at han med vilje har brent av den eigedommen som staten har lagt beslag i?
Konrad svarar med å tiltale nasjonen Noreg.

Kvart 15. år vil Hadle Reisæter med utgangspunkt i Stig Sæterbakkens roman Kapital skape ei oppsetting som freistar å vekke refleksjon rundt samfunn, kultur og politisk overbevisning. Korleis vil Reisæters politiske ståstad endre seg etterkvart som han modnast? Vil han utvikle seg som sin foreldregenerasjon og gå frå
å vere ungog radikal til lat og konservativ? Kapital er førstestilling ut.

Hadle Reisæter er skodespelar utdanna frå Statens Teaterhøgskole, Khio. Han er fødd og oppvaksen på Lofthus, Hardanger. Hadle har jobba ved Den Nationale Scene i fleire år, samt Rogaland Teater, Agder Teater og Teater Ibsen. Hadle flytta frå sin trygge post ved Den Nationale Scene i Bergen til eplebygda Gvarv, for å kunne leve av sine eigne prosjekt og idear, samt å plante ciderepler, for å ha noko å falle tilbake på når han vert pensjonist. Med støtte fra Kulturrådet har han nå fått høve til å gjennomføre sitt livsprosjekt Kapital som skal gjenoppstå kvart femtande år.

Fotograf: Øystein Grutle Haara

Design webtopp: Heidi Fjell

Fordelspris:
Kr 240,-

Ordinær pris Kr 300,-

NB : Ved bestilling: Husk å velge ”moderasjonar” i billett-type (nedtrekksmenyen) for å få BT Fordelpris.

Billetter

Hjemmeside

Vis alle tilbud i denne kategorien