Vi behandler din forespørsel, vennligst vent

Frankrike
22. – 29. september 2017.

Normandie og Paris

Ønskjer du å prøve ein annleis ferietur? Er du interessert i å oppleve historie, mat og kultur saman med eit triveleg reisefølgje? Då kan temareisa til frodige og vakre Normandie og verdsbyen Paris vere midt i blinken for deg. For oss nordmenn er det verdt å merkje seg at namnet Normandie tyder mennene frå nord. Saman med vikingar grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømet Normandie i 911, og først i 1204 tok den franske kongen området tilbake. Denne historia og Den andre verdskrigen med D-dagen vil du høyre mykje om.

På turen besøkjer vi blant anna den eventyrlege klosterøya Mont St. Michel, den vakre hagen til målaren Claude Monet, det berømte Bayeux-teppet og dei mange minnesmerka frå Den andre verdskrigen. Turen blir avslutta i Paris, og gjennom guida busstur og nokre stopp får vi med oss dei viktigaste attraksjonane i byen, blant anna den vakre katedralen Notre Dame.

INKLUDERT I PRISEN:
Flyreise Bergen-Paris t/r (tillegg for tilknyting frå andre byar)
All busstransport og fellesutflukter som vist i programmet
Inngangsbillettar til musea med Bayeux-teppet og hagen til Claude Monet
7 hotellovernattingar på sentrale, gode hotell
7 frukostar
5 middagar
Franskmannen, professor i norsk, Jean Renaud, held kåseri med tittelen: Normandie, vikingane sitt land.
Reiseleiar frå Fotefar Temareiser.

Fordelspris:
Kr 14.950,-


For mer info kan du også kontakte FotefarTemareiser på telefon eller mail

Mer info

Telefon: 918 20 304
post@fotefartemareiser.no

Hjemmeside

Vis alle tilbud i denne kategorien