Vi behandler din forespørsel, vennligst vent

Oseanasalen, Oseana kunst- og kultursenter
31. mars

RIKSTEATRET: KOLLAPS I KULISSENE


Når alt som kan gå gale, går endå verre!  Hege Schøyen og Ingar Helge Gimle står i spissen for eit topplag av norske komedieskodespelarar når Riksteatret presenterar denne hysterisk morosame farsen.  

Kva skjer når eit overentusiastisk amatørteaterlag skal sette opp si fyrste store framsyning, eit mordmysterium i ekte Agatha Christie-stil? Meir enn nokon kan fatte! Ja, dersom du trudde at du visste kor mykje som kan gå gale på eit teater, må du no tru om igjen! 

Publikum ler så dei hyler og kritikarane jublar for The Play That Goes Wrong. Teaterstykket går på tredje året i London og er blitt kåra til «Årets beste komedie 2015». Med tittelen Kollaps i kulissene presenterar Riksteatret og Chat Noir no suksessen i Noreg, og løyene er i dei beste hender hos publikumsyndlingar som Hege Schøyen, Ingar Helge Gimle, Bartek Kaminski og Jan Martin Johnsen. Knut Nærum har oversett stykket og Kim Haugen har regi.  

Fordelspris:
Kr 390,-

Ordinærpris Kr 485,-

På scena: 
Hege Schøyen, Ingar Helge Gimle, Jan Martin Johnsen, Bartek Kaminski, Camilla Frey, Espen Sandvik, Jan Huse og Daniel Karlsson.  
Forestillingslengde: 2 timer og 20minutt (inkludert pause) 

Foto: Fredrik Arff

Utsolgt!

Hjemmeside

Vis alle tilbud i denne kategorien