Vi behandler din forespørsel, vennligst vent

Gran Canaria
8. – 15. november 2017

Vandretur på Gran Canaria

Er du glad i fjellturar og aktiv ferie? På denne turen får vi oppleve det autentiske Gran Canaria med den storslegne naturen på nordsida og i innlandet av øya. Her er det et godt terreng for fotturar i grøne, frodige landskap med fantastisk utsikt på godt merka turstiar. Vi får oppleve bortgøymde landsbyar langt unna masseturismen og bur på spesielt utvalde hotell undervegs. Det blir fotturar kvar dag med guide, og turen passar såleis for dei som er vande med å gå noko på turar og i fjellet. 

Onsdag 8. november
Avreise frå Bergen 16.20 med direktefly, og vi er framme på flyplassen ved Las Palmas kl. 20.50. Bussen vår tek oss frå flyplassen til den pittoreske fjell-landsbyen Santa Brigida, ca. 17 km frå Las Palmas. Der skal vi bu i 4 døgn på Hotel Esquela Santa Brigida, som ligg fint til med flott utsikt over Atlanterhavet. Vi er framme på hotellet ca. kl. 22.00. For dei som ønskjer det, er det mogeleg å få kjøpe noko å drikke og ete i baren.

Torsdag 9. november
Etter ein god frukost startar vi dagen kl. 09.00 med busstur til Barranco de Guayadeque i Agülmes på søraust sida av øya. Vi får ei fantastisk vandring opp langs kanten på Guayadeque-ravina med ca. 1,5 time nokså bratt terreng. På toppen av klippa vil stien flate ut nokre kilometer før vi startar nedstiginga til botnen av ravinen og returnerer til utgangspunktet. Vi har med oss lunsjpakkar på turen (mot tillegg). Heile turen er om lag 7 km lang. Vi køyrer så attende til hotellet, der vi har ettermiddagen til eigen disposisjon og kan vandre litt rundt i landsbyen eller slappar av på hotellet. Om kvelden møtest vi på hotellet for å bli kjende med turopplegget og med kvarandre, før det blir fellesmiddag* på den svært gode restauranten, Casa Martell.

Fredag 10. november
Denne dagen tek bussen oss oppover i dei vakre dalføra til Pico de Las Nieves, den høgste fjelltoppen (1949 m.o.h.) og det geografiske sentrumet på øya. På vegen opnar ei fantastisk panoramautsikt seg til Caldera de Tejeda. Vi får også med oss ei slåande utsikt til vulkanfjella Rocque Nublo og Roque Bentayga og dei sjarmerande gamle landsbyane Tejeda og Artenara. Tejeda er omringa av 1000 m høge klipper og er kåra til ein av dei vakraste landsbyane i Spania. Vi vandrar så vidare på «The Silver Path», ein steinsett sti som går frå den vakre pinjeskogen Los Llanos de La Pez til San Bartolome de Tirajana. Turen endar opp i Degollada de Cruz Grande. Dette er rekna som «turen over alle turar» på øya, og her får vi verkeleg sjå det autentiske Gran Canaria! Heile turen er på 8,5 km, og vi reknar ca. 4-5 timar vandring. Ca. kl. 15.00 køyrer vi tilbake til hotellet vårt i Santa Brigida. Om kvelden møtest vi gjerne i baren ca. kl. 19.00, og dei som ønskjer det, kan gjerne vere med reiseleiarane og ete middag på ein restaurant i nærleiken av hotellet.

Laurdag 11. november
Etter frukost går turen kl. 09.00 til Cruz de Tejeda, der vi startar vandreturen denne dagen. Vi skal gå til Llanos de la Pez, ein av dei største pinjeskogane på øya. Langs denne løypa vil vi ha flott panoramautsikt til Roque Nueblo, den fremste geologiske attraksjonen på øya, med ei heilt spesiell vulkansk klippe. Dette er verkeleg eit spektakulært utsyn. Etter at vi har hatt piknik i skogen, returnerer vi tilbake til hotellet, der vi kan slappe av før vi møtes til fellesmiddag*.  Turen er på 10,6 km, er moderat tung og tek om lag 5 timar.

Søndag 12. november 
Etter å ha sjekka ut frå hotellet vårt, tek bussen oss til Tamadaba Naturreservat. Der vi vil starte turen mellom pinjetre, men etter kvart får vi dei første glimta av sjøen som ligg 1027 meter nedanfor. Vi får også sjå det imponerande synet av Roque Faneque, den høgaste sjøklippa i Europa og den 7. høgste i verda! Denne vandreturen går mest nedover langs stiar som kryssar eit vilt og vakkert landskap, lune pinjeskogar og til slutt på ein sti som slyngar seg nedover ein fjellrygg til Agaete. Denne dagen gir oss den mest imponerande og spektakulære utsikta over øya under heile opphaldet! Turen er moderat tung, er 10,2 km lang og tek ca. 4,5-5 timar.

Vi endar opp i Agaete, der bussen alt har levert frå seg bagasjen vår på det herlege hotellet vårt, Roca Negra Hotel & Spa som ligg fint til med flott utsikt over Atlanterhavet. Middag på eiga hand eller saman med reiseleiar på ein restaurant i landsbyen.

Mandag 13. november
Denne dagen tek vi ein lett tur frå Fagagesto ned ein spektakulær ravine til den vesle bygda El Sao. På vegen går vi forbi ei kjend gamal mølle og ei vulkansk aktiv kjelde og endar opp i grottelandsbyen El Hornillo. Etter å ha utforska denne heilt spesielle byen, der alle bustadene er gravne ut av det vulkanske fjellet, går vi vidare til vakre San Pedro, ein landsby midt i hjarta av Agaete-dalen. Her skal vi smake på den gode lokale vinen, den kjende geitosten og få ein kaffikopp med noko attåt før vi tek taxi attende til hotellet vårt. Turen denne dagen er på 4,5 time og er på 8,5 km i lett terreng. Ettermiddag og kveld på eiga hand.

Tirsdag 14. november
Denne dagen har vi fri og kan slappe av på hotellet og i byen, eller kanskje ta ein tur til Las Palmas for å shoppe, slappe av på stranda eller ta ein vandretur på promenaden langs Canteras stranda. Det vert også mogeleg å ta dagstur til sørkysten av øya til Puerto Mogan der vi kan bade og sole oss. Kl. 19.00 vert det avslutningsmiddag* på ein koseleg restaurant, der vi får eit rom for oss sjølve

.Onsdag 15. november
Om morgonen tek bussen oss frå hotellet vårt i Agaete til flyplassen 30 minutt lengre sør. Det er direktefly tilbake til Bergen kl. 09.00, og vi er framme i Bergen kl. 15.30.

Måltida som er merka med *, er inkluderte i prisen.

Fordelspris:
Kr 13.450,-

Inkludert i prisen: 
Flyreisa tur/retur Bergen – Las Palmas
Flyskatt
Busstransport på heile turen. 
7 overnattingar på svært gode hotell. 
7 frukostar
3 lunsjar/middagar
Autorisert fjellguide
Vinsmaking,
Prøvesmaking av ost, tropiske frukter og anna 
Norsk reiseleiar frå Fotefar temareiser

For mer info kan du også kontakte FotefarTemareiser på telefon eller mail.

Utsolgt!

Telefon: 918 20 304
post@fotefartemareiser.no

Adresse: Fotefar Temareiser AS Sognefjordvegen 40 6863 Leikanger

Vis alle tilbud i denne kategorien