Vi behandler din forespørsel, vennligst vent

Voss
12-14. april

VOSSA JAZZ 2019

VOSSA JAZZ 2019

I Palmehelga er det på Voss det skjer! For 46. gong inviterer Vossa Jazz til festivalen som er omkransa av fjell, vår i lufta og ekstremt god stemning! Og det viktigaste av alt; eit knakande godt og variert program. Her kan du oppleva jazz, folkemusikk, kvalitetspop og blues for å nemna nokre sjangrar. Alt kan skje denne yrande helga på Voss. Lars Saabye Christensen skal opna festivalen fredag 12. april,  seinare på kvelden kan du oppleva han med Buicken, eit prosjekt som samlar poesi og tonar med meisterlege utøvarar både med penn og på instrument.

Eitt av høgdepunkta er alltid Tingingsverket, dette er den høgsthengande bestillinga norske jazzmusikarar kan få, og i år skal gitarvitorus og komponist Hedvig Mollestad skriva det 38. Tingingsverket. Ho lovar eit verk som rommar både vare stemningar og fullt kok. I tillegg er det som alltid fleire andre urframføringar på festivalen – Kaada / Storløkken og Frode Haltlis Avant Folk kjem med ny musikk i bagasjen. Vossa Jazz har scener både utan- og innandørs og på desse kan du sjå og høyra mellom andre AURORA, Jakob Bro Quartet, Thea Hjelmeland, Salif Keita, Susanne Lundeng, Real Ones med gjester, Mathias Eick og FIEH, for å nemna nokre. Sjekk ut programmet her

For den yngre garde er det Badnajazz som er tingen, her vert det mellom anna konsert med Karl Seglems Monsterjazz og ein konsertversjon av NRKs Sangfoni med John Vinge og Badnajazzkoret. I tillegg har me Superjazz for menneske med nedsette funksjonsevner, Eldrejazz og kunstutstilling med festivalkunstnar Tor-Arne Moen.

Samtlege artistar kjem for å gje deg gode opplevingar. Palmehelga på Voss er synonymt med det fyrste vårteiknet og store musikalske opplevingar. Me vil utfordra og gleda vårt publikum.  Velkomen til Vossa Jazz!

Fordelspris:
Kr 100 i rabatt på dagskort

BT Fordel gjelder rabatt på dagskort .

Billleter

Vis alle tilbud i denne kategorien